Har PFU og Norsk Journalistlag lagt yrkesetikken på hylla?

PRESSENS FAGLIGE UTVALG. Har PFU utspilt sin rolle? Har den norske journaliststanden lenger noen troverdighet?
JOURNALISTER

I denne hardtslående artikkelen fra Målmannen tar artikkelforfatteren for seg hvordan norske journalister nå fritt kan henge ut enkeltpersoner med falske og udokumenterte beskyldninger, uten at det blir noen konsekvenser for dem overfor PFU eller Norsk Journalistlag. Pressens Faglige Utvalg og Norsk Journalistlag har i en klagesak mot Radikal Portal vist at de ikke lenger har noen gjennomslagskraft eller vilje til å ta tak i grove brudd på god presseskikk.

Teksten er i sin helhet hentet fra Målmannen.

Å vera norsk journalist eller redaktør heiter at ein er underlagd Ver Varsam-Plakaten (VVP). Bryt ein med denne, so risikerar ein å verta felt i Pressens Faglige Utvalg (PFU). Denne ordningi sikrar at ein kann ha tillit til norske pressefolk. Det er i alle fall slik pressa likar å framstella seg sjølv. Røyndomen er derimot ein annan. Mi eigi klagesak mot Radikal Portal og redaktør Vegard Velle hev synt at presseorganisasjonane er uviljuge til å slå ned på journalistar som vil vri seg undan det presseetiske regelverket. Slik hev PFU og Norsk Journalistlag skapt presedens for ein gråsone-journalistikk som trugar med å gjera heile den norske pressa useriøs.

Dei norske presseorganisasjonane er fyrst og fremst til for å verna um eigne medlemer, og dersom ein journalist ynskjer å gå utanum Ver Varsam-Plakaten, so kann han i praksis gjera dette. I PFU kann ein ikkje klaga inn journalistar, ein kann berre klaga inn publikasjonar – og då einast publikasjonar som tilhøyrer pressa sine eigne organisasjonar eller som friviljugt hev underlagt seg klageordningi. Ein journalist kann i realiteten gjera nett som han vil so lenge publikasjonen hans er viljug til å ta støyten for det i PFU. Men ikkje nok med det, ein fagorganisert journalist kann faktisk gå heilt utanum Ver Varsam-Plakaten dersom han skipar sin eigen publikasjon som steller seg utanfor klageordningi.

PFU feller redaksjonar, ikkje journalistar

Gjeng ein igjenom databasen åt PFU, so ser ein at det er redaksjonar som vert felde, ikkje journalistar. Journalisten som laga reportasjen vert som regel aldri nemnd med namn i fråsegnene som vert lagde ut på nettet, det vert derimot alltid klagaren – so sant PFU ikkje hev gjeve honom lov til å få saki vurdert anonymt…

D
Eks-Redaktør(?) Vegard Velle (Foto: Twitter.com)

Sjølv upplevde eg å koma under åtak ut på nettstaden Radikal Portal, der Fagbladet-journalisten Vegard Velle er redaktør. Radikal Portal publiserte ein anonymt forfatta artikkel der det vart sett fram ei rad sterke, faktiske påstandar um meg og tidskriftet eg gjev ut, Målmannen. Sterke, faktiske påstandar utløyser normalt den samtidige imøtegåingsretten (VVP 4.14), men Radikal Portal gav meg ikkje ein gong høve til tilsvar i ettertid – ein freistnad på å svara i kommentarfeltet vart sletta like kjappt som han var vorten publisert.

Eg valde å gå tenestevegen og klaga saki inn for Pressens Faglige Utvalg, men Radikal Portal vilde ikkje lata seg vurdera av utvalet. PFU-sekretariatet avviste dimed saki utan realitetshandsaming – med den grunngjevingi at “PFU er en frivillig ordning som er eid og drevet av pressens egne organisasjoner. Radikal Portal er ikke medlem av noen av organisasjonene, og ønsker heller ikke selv å la seg behandle av utvalget”.

Dette vedtaket valde eg å klaga på. Radikal Portal hevdar sjølve at dei fylgjer Ver Varsam-Plakaten, og dersom det skal ha nokon verdi å hevda at ein fylgjer denne, so må det innebera at ein ogso er viljug til å lata seg vurdera i PFU. Det er helder ikkje rett, som PFU-sekretariatet hevda, at PFU-handsaming er friviljugt. I PFU sitt eige styrevedtak heiter det at “kompetanseområdet for PFU omfatter i prinsippet alle massemedier”. Um publikasjonen sjølv kjenner seg presseetisk forplikta er berre noko som “kan ha betydning”, men er ikkje avgjerande for um PFU skal ta saki eller ikkje. Radikal Portal hevdar dimeir sjølve at dei fylgjer VVP.

SKJERMDUMP FRÅ LINKEDIN: Vegard Velle arbeider som journalist og er fagorganisert i Norsk Journalistlag. Han er medarbeidar i Fagbladet og redaktør for Radikal Portal, ein nettstad som ikkje vil underleggja seg PFU-vurdering og som let vera å fylgja heilt elementær presseskikk. NB! Etter at skjermdumpen vart teken og saki klaga inn til Norsk Journalistlag, hev Velle endra umtala frå “redaktør” til “red.medlem”, både på Linkedin og Twitter. Byrjar saki rett og slett å verta for pinsam?
SKJERMDUMP FRÅ LINKEDIN: Vegard Velle arbeider som journalist og er fagorganisert i Norsk Journalistlag. Han er medarbeidar i Fagbladet og redaktør for Radikal Portal, ein nettstad som ikkje vil underleggja seg PFU-vurdering og som let vera å fylgja heilt elementær presseskikk. NB! Etter at skjermdumpen vart teken og saki klaga inn til Norsk Journalistlag, hev Velle endra umtala frå “redaktør” til “red.medlem”, både på Linkedin og Twitter. Byrjar saki rett og slett å verta for pinsam?

Men det stoggar ikkje der, for Radikal Portal sin redaktør, Vegard Velle, er fagorganisert i Norsk Journalistlag og soleides med i ein av dei presseorganisasjonane som er underlagde PFU. Eg prosederte difor på at det var eit saksfyrehavingsmistak når PFU-sekretariatet avviste saki utan å taka Velle si NJ-tilknyting med i reknestykkjet. Det kann vel ikkje vera slik at Velle i den eine augneblinken sit med Fagbladet-hatt og må fylgja vanleg presseetikk, og so kann han ta på seg ein radikalportal-hatt i den neste for å publisera kva som helst utan presseetiske umsyn?

Denne gongen sende PFU-sekretariatet saki vidare til PFU for ei prinsipiell avklåring, men sjølve innstilte dei på at saki skulde avvisast, og det med grunngjevingi at det sveiv seg um eit “tvilstilfelle”. PFU slutta seg til innstillingi og avviste klaga med fylgjande grunngjeving:

“Pressens Faglige Utvalg er norsk presses selvjustisordning. Virksomheten er basert på frivillighet og finansiert av Norsk Presseforbunds eierorganisasjoner. Radikal Portal er ikke tilknyttet noen av disse organisasjonene. Utvalget registrerer at nettstedets redaktør er medlem av Norsk Journalistlag, men mener likevel at saken ligger utenfor PFUs arbeidsområde. […] Utvalget har ikke anledning til å sanksjonere mot nettsteder eller andre aktører som hevder å forholde seg til Vær Varsom-plakaten samtidig som de står utenfor PFUs klagebehandlingssystem, og ikke ønsker å la seg behandle. Dersom klager anser Radikal Portals redaktør sitt medlemskap i Norsk Journalistlag som problematisk sett opp mot Radikal Portals virksomhet, ber utvalget klager ta dette opp med NJ.”

Norsk Journalistlag bryr seg ikkje med um medlemene fylgjer VVP eller ikkje

Eg valde å taka PFU på ordet og gjekk vidare med brev til til Norsk Journalistlag. I vedtektene til Norsk Journalistlag stend det heilt eintydig i paragraf 3 og paragraf 14 at NJ-medlemer pliktar å fylgja Ver Varsam-Plakaten. Paragraf 4 slær fast at NJ kann stryka medlemer som ikkje arbeider i samsvar med paragraf 3, og paragraf 11 slær fast at det er grunnlag for eksklusjonssak um medlemene ikkje arbeider i tråd med pliktene nedfelt i paragraf 14. Eg bad Norsk Journalistlag vurdera um den innklaga reportasjen er i tråd med VVP – eller um det i det heile er akseptabelt at ein NJ-journalist kann nekta PFU-handsaming av ein publikasjon som han er redaktør for, dette for å sleppa unna det som etter alle solemerke må enda med ei klår felling.

NJ2D

Norsk Journalistlag lova å taka hand um saki og gje melding attende når saki var teki upp. Ei vika seinare fekk eg svar. Svaret var på èi lina, og lydde: “NJs ledelse har behandlet din henvendelse og vedtatt at det ikke er grunnlag for å åpne eksklusjonssak”. Når eg svara og bad um grunngjeving, fekk eg inkje svar.

Kvar vart den individuelle journalist-etikken av?

Ein lyt dimed konkludera med at yrkesetikken for journalistar i praksis er avskipa. På papiret hev både PFU og NJ vedtekter og styrevedtak som gjev dei vide fullmakter til å slå ned på presseetisk problematisk journalistikk, men praksisen deira er ein heilt annan: PFU vil berre vurdera dei publikasjonane som sjølve ynskjer å lata seg vurdera – og NJ sine krav til medlemene um å fylgja VVP syner seg å vera sovande paragrafar som ikkje skal praktiserast (*).

Endå um ein er fagorganisert journalist, so er det altso fritt fram for å skipa plattformar der ein ser burt frå all presseetikk og spreider anonyme skuldingar i aust og vest mot namngjevne personar. Dette bør folk ha i bakhovudet neste gong dei vert kontakta av ein journalist. Til sjuande og sist veit ein aldri kva slags plattform informasjonen hamnar på og kva slags presseetisk standard publikasjonen hev valt å leggja seg på…

O. Torheim

Innlegget vart nekta innteke i Journalisten. Redaksjonsmedlem Martin Huseby Jensen karakteriserte innlegget som “interessant”, men slo samstundes fast at det ikkje kom til å verta publisert. Han grunngav avslaget med at innhaldet i teksti “sprikar” og at argumentasjonsrekkja er “svak”.

(*) Dette vert stadfest i e-post frå Journalisten-medarbeidar Martin Huseby Jensen: “Selv om Norsk Journalistlag er en av flere organisasjoner som står bak Norsk Presseforbund og med det PFU, er NJ først og fremst en fagorganisasjon som skal sikre medlemmenes rettigheter og arbeidsvilkår. Selvfølgelig kan medlemmer kastes ut av organisasjon om de opptrer uetisk, men da ikke mot presseetikken”.

Relatert:

Presse-etiske usannheter fra Radikal Portal

Skal Vegard Velles gråsone-journalistikk få PFUs velsignelse?

Researchkollektivet INFO: Palestina-aktivister bak spionside

Venstreekstreme meningsforfølgere med nytt “Info”-prosjekt

Hatretorikk fra ekstremister i Radikal Portal

  • Johan Aksnes

    «Radikal portal» er jo bare et kloakksluk der dritten ligger å koser seg ned i.
    Forsøkte en gang å kommentere litt der, men ble utestengt med tre profiler i løpet av kort tid, og det har jo aldri skjedd meg andre steder.
    Fysj for et møkkanettsted!

  • Breidablikk

    Honnør til Målmannen for denne artikkelen.

  • Breidablikk

    Honnør til Målmannen for denne artikkelen.

  • Rolf Krake

    Norge er et fritt land, og folk kan selvsagt skrive hva dem vil, EN gang og så blir dem sensurert bort

  • AMG65

    Leser ikke grautmål, får hodepine.

    • Olav Torheim

      Og det segjer den liberale idioten som sympatiserar med FrP og som er «innvandringskritisk» berre av di han ikkje vil ha muslimar til landet som helder ikkje vil gjeva burt eigen kultur og identitet i byte mot materialisme og coca cola-kultur? Berre fint um teksti mi kann gje slike som deg litt «hodepine» (les: noko å tenkja på) :p

      • Gastiz

        Kann hende det ikkje er heilt relevant, men eg må nemna at det var gjenom Målmannen eg fann høgnorsken. Eg såg jo at det likna på nynorsk, og innan kveld hadde vorti natt fann eg ut at det var høgnorsk, kva høgnorsk er, ei rettleiding og ordlistone til Aasen-sambandet. Seinare fann eg òg Grunnmanuskriptet frå 1935, som no 5-6 år seinare enno er ei nyttig kjelda. Dette var då fyrre rettskrivingi enno galdt, so ein kunde skriva meir høgnorsknært enn i dag (2012-rettskrivingi vart vedteki same månad som eg hadde sidemålseksamen um eg hugsar rett). Eg enda upp med toppkarakter i sidemål, og det er det vel på høg tid å takka deg/dykk som driv Målmannen for 🙂

        No er dette umkring fire år sidan, og eg hev diverre havt få høve til å halda kunnskapen ved like, men eg tykkjer enno høgnorsk er det flottaste målet som finst i landet. I kvardagen vert det no berre bokmål, det krev rett og slett for mykje å halda på med ei målform som miljøet mitt aldri hev høyrt um og som folk på netet kallar grautmål og ikkje vil lesa. Dette er trulig einaste gongen eg hev skrivi på (ein slags) høgnorsk under Gastiz-namnet (tvo eller tri nynorske innlegg har det vori), men eg veit at høgnorsk ikkje hev vori nokor suksesshistoria i kommentarfelt tidligare, serlig godt hugsar eg svaret «er du full?!». Flott å sjå at nokon gjer meir enn meg for høgnorsken! (Eg lovar å gjera høgnorsken til offisielt mål um eg ein gong vert diktator her i landet då :P)

        • Olav Torheim

          Takk, dette var kjekt å høyra. Ja, me skal koma, um inkje so brått 😉

        • spirild

          kulturverk.com har en artikkel på høgnorsk, eller rettere sagt et utdrag fra ei historie forfatta av Lovecraft.

          http://www.kulturverk.com/2015/03/20/i-kvelvet-lovecraft-pa-hognorsk/

          Forresten syns jeg det var lettere å lese denne nynorsken enn den «andre» som idag er nokså utvanna..?

      • rosinen

        Det er vel helst nynorskfolk som er sv-folk, snakker slik som audun og han andre fjotten jeg ikke husker navnet på, som omfavner invasjonen, så klapp igjen og forbred deg dere på berikelse, la oss håpe dere ikke får føle det på sjela, det ville vært noko å tenkja på….

        • Olav Torheim

          Er du berre eit troll eller kva meiner du? Målet mitt er høgnorsk og ikkje nynorsk, so det du skriv um «nynorskfolk som er sv-folk» råkar ikkje meg. Men liberale FrP-tullingar som berre hev eit problem med muslimar av di dei i motsetnad til dei sjølve faktisk vil ta vare på eigne tradisjonar og ikkje utan vidare vil tilmåta seg eit rotlaust vestlegt forbrukarsamfund – dei er ikkje eit hår betre enn «Audun og han andre fjotten». Det er nett skorten på medvit um eige upphav, språk og kultur som hev lagt landet ope for den «invasjonen» som du talar um. Du er diverre sjølv eit døme på det. Du kunde stå fram med namn og fortelja oss noko vitugt, framfor å koma med anonymt vrøvl mot andre som freistar gjera nett det!

          • rosinen

            Ellers har du det bra?
            Som selvstendig næringsdrivende i en liten apekommune velger jeg å være anonym.
            Skulle jeg kommentere med fullt navn kan jeg likeså godt legge inn årene og bli naver.
            Ordla meg kanskje litt kategorisk, men når noen snakker dialekt som Audun og hans likesinnede så tenker jeg SV.
            Høgnorsk, hva er det da? Er det noe nytt som skal innføres i skolen eller? Dialekt?
            For min del, som trønder, kan folk snakke akkurat slik som dem vil, men jeg foretrekker å skrive på bokmål slik som jeg lærte på skolen, jeg er glad i landet mitt, kulturen og levemåten og er på ingen måte en fan av ukontrollert innvandring.
            Hilsen «FRP-Tulling».

          • Olav Torheim

            Um ein hev eit sterkt immunforsvar, so vert ein ikkje livstrugande sjuk av småe infeksjonar. Me europearar hev ein tusundårgamal kultur som hev gjeve liv til eineståande ovringar innanfor både kunst, litteratur, teknikk, naturvitskap etc etc. Normalt skulde ikkje me ha noko å vera redde for. Dei problemi me ser i dag skriv seg frå nett det at me hev mist medvitet um eigen kultur og upphav. FrP er ein del av problemet, og ikkje av løysingi. For FrP er kultur berre ein utgiftspost som må skjerast ned på. Norsk språk er ikkje noko ein skal taka vare på, men noko som ein kann kvitta seg med for å spara pengar – og det endå um ingen hev sett nokon rekneskap på kva som ein eventuelt skulde ha spart (tavle, svamp og krit kostar vel det same, anten det er nynorsk eller bokmål som ein skriv på tavla). Eg er for norsk mål i Noreg eg, og ikkje eit norskdansk blandingsmål (bokmål). På meg framstår det som merkelegt at folk egsar seg upp yver symbolsaker som kva slags flagg ein skal nytta ein gong i året, den 17. mai, men ikkje bryr seg um ting som gjeng rett inn i kvardagen til oss alle – som språket vårt visselegt gjer. So dette med å «klappe igjen og forberede seg på berikelse» er no ein kommentar som ikkje er so vanskeleg å returnera til avsendar dersom eg vilde det, men eg vonar denne diskusjonen no er på veg i ei meir konstruktiv leid :-). Trøndelag hev fostra mange store forfattarar som hev nytta norskt mål, det skulde vera nok å nemna Olav Duun og Kristoffer Uppdal – so det å vera trønder er ingi orsaking for å gje seg inn under det danske målet i Noreg, snarare tvert imot.

    • Rolf Gunnar Rolfsson

      Sylfest Strutle byrjar å syngja snart. Då kjem bokmålarane (desse stygge beist) å skita i buksa. «Radikal portal» har vorte eitt rotgripe karmtre på høgnorsk. Fremskrittsflokkaren er berre ein liten fisefaen av ein flokefjott med eiterormar som gnagar i ask sine røter. Kongsverre.no

  • invernes

    off topic men dette må frem i lyset.

    Italienska polisen: Muslimer slängde kristna mot sin död – från smuggelbåt

    http://www.friatider.se/italienska-polisen-muslimer-sl-ngde-kristna-mot-sin-d-d-fr-n-smuggelb-t

    • Rolf Krake

      Kan ikke være rigtigt, tilbedere av fredens religion, hvis nå at det var rigtigt, så hadde Støre vel ikke gået med på at impotere 10.000 av den slags mennesker

      • Ove Rune Friden

        Støre lider av den farlige og smittsomme sykdommen BLIND SNILLISME SAMT STEMME INNPORT

        • rosinen

          Ser frem til den dagen judasen møter seg selv i døra.

  • @@@

    PFU er hverken jurister eller påtalemakt, avskaff hele dritten.

  • HenrikHenriksen

    Ja, hva skal man si om denne saken. Den viser jo en arroganse og maktbruk som dessverre har gjennomsyret «kameratklubben» som styrer norsk presse. Her gir man inntrykk av å være «objektive» og har regler og paragrafer for å ivareta ytringsfriheten og demokratiet. Men når noen faktisk bryter disse reglene og paragrafene så inntar man forsvarsposisjon og avviser alle former for gjennomgang eller tilsvar til de som måtte kreve dette.

    Veldig bra skrevet av Målmannen forøvrig, som avslører hvordan dette skinn-demokratiet virkelig fungerer.

  • Rent fedreland

    Vel systempartiene, journalistene og består stort sett av løgnere og krigsforbrytere som ikke har noen grenser for å nedverdige nordmenn. Dette ser vi på lovløsheten i landet vårt der asylforbrytere fritt kan voldta og drepe norske menn og kvinner. Ikke nok med det, AP,SV,V og de andre forræderne går inn for å hente 10.000 flere krigsforbrytere bare fra Syria.

  • Folkeavstemming og demokrati

    Journalister betrakter seg kanskje som kunstnere, og kan legge inn kunstnerisk frihet i sine artikler?
    Fint å være «kunstner», da er det bare fantasien som begrenser «sannheten»

  • rosinen

    Pressens Feige Utvalg.

  • Pingback: Journalist-studentavis felt i PFU for uredelig journalistikk - Frieord()

  • Robert Olaf

    Hei,
    Vil nokon giva meg ei upplysning um uttali til ordet «gjerer» som er den konservative formi av gjerningsordi «aa gjera» (eintal notid)? Er da daa [jæ:`rer] ? [jæ:’rer] eller [je:`rer] ? [je:’rer] Og med kvat for eit tonelag: I eller II?

  • Pingback: Anonym nettmobbar avslørt: Anders Sebastian Leif Karlsson - Frieord()