PROFILERAR SEG SOM CASUAL: Anders Sebastian Leif Karlsson er glad i den militante casuals-/ultras-klednaden (Faksimilie frå Facebook-profilen Sebast Ian).

Anonym nettmobbar avslørt: Anders Sebastian Leif Karlsson

Under dekke av anonymitet hev Anders Sebastian Leif Karlsson drive med yvervaking, snikfotografering og uthenging av innvandringskritiske personar og gruppor. Sjølv hev han bakgrunn frå venstreekstreme gruppor i Sverike, og han sympatiserar med det valdelege nettverket Antifascistisk Aksjon.

Artikkelen er hentet fra Målmannen.no

Researchkollektivet Info var ein freistnad på å skipa eit vinstreekstremt yvervakingsnettverk etter mynster frå svenske Researchgruppen og danske Researchkollektivet Redox. Svenske vinstreekstremistar hev vore sentrale med å stabla den norske avleggjaren på føtene, og millom desse finn ein svensken Anders Sebastian Karlsson. Han er fødd i 1992 og bur for tidi i Oslo.

Max Hermansens snikfotograf

Millom personane som Anders Sebastian Leif Karlsson hev snikfotografert og presentert i Researchkollektivet sine anonyme spion-rapportar finn me millom anna Max Hermansen, den frittalande mannen som vinteren og våren 2015 stelte seg i spissen for Pegida i Noreg. Max Hermansen hev skipa til etter måten mange demonstrasjonar i Oslo, og Anders Sebastian Leif Karlsson hev jamt og trutt møtt fram for å snikfotografera og rapportera frå Pegida-demonstrasjonane.

Hermansen hev i kjølvatnet av all merksemdi upplivd både personleg trakassering og hærverk mot antikvariatet sitt. Dette på toppen av at han fekk sparken frå lærarjobben sin. Denne mannen hev Anders Sebastian Karlsson vore med på å snikfotografera og yvervaka anonymt.

SNIKFOTOGRAF: Under Twitter-dekknamnet «Ingefærøl» hev Anders Sebastian Leif Karlsson rapportert og lagt ut snikfotografi frå Max Hermansen sine Pegida-demonstrasjonar i Oslo (Bilætet er ei samanstelling av skjermdumpar frå Researchkollektivet Info og frå Twitter-profilen Ingefærøl).

Spreider hets mot barnefamiliar i Nordhordland

Våren 2014 skipa Ungdomslaget Varden i Meland til ein visekveld med akustisk musikk og tonesette dikt av Jakob Sande. Det vart servert kaffi og kakor og stemningi var god. Båe småe og store møtte fram til dette lokale, familievenlege arrangementet. Samstundes gøymde ein snikfotograf frå Researchkollektivet Info seg i buskone utanfor, og i tidi etterpå spreidde Researchkollektivet Info ei fullstendig usann historie der det vart hevda at “fascister holdt konsert”.

Anders Sebastian Leif Karlsson hev aktivt vore med på å spreida denne usanne historia, og på Twitter hev han freista “konfrontera” Målmannen-redaktøren med ymse slags påstandar um Torheims familie og vener.

LYGNAKTIG SVERTINGSFRAMSTØYT MOT LOKALMILJØ: I ein mislukka freistnad på å stigmatisera Målmannen-redaktørens familie i deira eige nærmiljø, so gjekk Researchkollektivet Info ut med ei fullstendig usann historie der Ungdomslaget Varden sin familievenlege visekveld i Meland vart framstelt som ein suspekt «fascist-konsert». Anders Sebastian Leif Karlsson var med på å spreida den usanne historia (Bilætet er ei samanstelling av skjermdumpar frå Reseearchkollektivet Info og frå Twitter-profilen Ingefærøl).

-Ein ekstremist av “våldsvänstern”-kaliber

Anders Sebastian Leif Karlsson kom til Noreg i 2012, og etter det Målmannen kjenner til so skal han ha engasjert seg politisk i den vinstreekstreme, anarko-syndikalistiske organisasjonen Motmakt. Motmakt hev det siste året markert seg på 1. mai-demonstrasjonar med parolar som “No borders, no nations” og “Refugees welcome”.

ANTI-NASJONAL AGENDA: I ei tid der den globale kapitalismen set alle klutar til for å bryta ned nasjonal suverenitet og sjølvråderett, so vel Motmakt å markera seg med parolar som «No borders, no nations» (Bilætet er faksimilie frå Facebook-sida åt Motmakt Bergen).

I ein diskusjon på Motmakt si Facebook-sida so skal Anders Sebastian Leif Karlsson ha protestert mot at FrP-politikarar skal vera velkomne på anti-nazistiske markeringar. På den anonyme Facebook-profilen sin hev Anders Sebastian Leif Karlsson dessutan lagt ut foto der han poserar saman med blitzarar, fotballsupportarar og kommunistar. -Det er soleides klårt at det er ein tradisjonell vinstreekstremist av svensk “våldsvänstern”-”kaliber som ein hev med å gjera, fortel ei kjelda som hev fylgt med på miljøet.

ANDERS SEBASTIAN LEIF KARLSSON – slik han framigjenom hev presentert seg på Facebook-profilen sin. Målmannen-redaksjonen hev fylgt med på profilen og i tur og orden samla upp profilbilæte i von um å få personen identifisert. Til slutt råka me blink.

Kommentar: Svensk «våldsvänstern» med koplingar til Radikal Portal

Hausten 2014 publiserte nettstaden Frieord ein reportasje der tvo namngjevne personar vart peika ut som bakmenner for Researchkollektivet Info. Jamvel um Researchkollektivet offisielt hev nekta for at dei tvo personane hev noko med dei å gjera, so er det ei kjensgjerning at Researchkollektivet Info i tidi etterpå meir eller mindre hev gjenge i dvale.

I 2015 og i 2016 hev det snaudt kome livsteikn frå Researchkollektivet i det heile, med undantak for Anders Sebastian Karlsson sine spionrapportar frå demonstrasjonar i Oslo. Ein kann soleides konkludera med at det er ein svensk vinstreekstremist som i det lengste nektar å sleppa ned “kongstanken” sin um eit vinstreekstremt spion-nettverk i Noreg.

Researchkollektivet Info hev nytta seg av Radikal Portal til publiseringsplattform for dei anonyme «rapportane» sine. Både frå sjølve målføringi og frå ymse slags syntaksfeil so er det tydelegt at minst èin av Researchkollektivet sine forfattarar må ha svensk som morsmål. Hausten 2014 skipa Radikal Portal til ein “lesesirkel” um påstått “fascisme”, der temaet var det europeiske nye høgre. På denne lesesirkelen var Anders Sebastian Karlsson med, og han vart invitert med på sirkelen av ein annan profilert svensk vinstreekstremist i Noreg – Jahn Magnus Eriksson.

ANTI-NASJONALE SKINHEADS: Magnus Eriksson på anti-nasjonalistisk Motmakt-demonstrasjon, skulder ved skulder med vinstreekstreme sharp-skinheads (Faksimilie frå Magnus Eriksson sin Facebook-profil).

Jahn Magnus Eriksson er kjend for å driva aktiv bakvasking av norske opposisjonelle. Millom anna hev han kontakta arbeidsgjevaren åt ein medarbeidar på Frieord og han hev freista “åtvara” Kulturverk sine skribentar mot å senda tilfang til nettstaden. Til liks med Anders Sebastian Leif Karlsson so hev Jahn Magnus Eriksson tilknyting til vinstreekstreme Motmakt.

Målmannen meiner: -Ut or anonymiteten!

Researchkollektivet Info sine bakvaskingsrapportar hev systematisk vorte anonymt forfatta. Dei spreider sterke og ærekrenkjande påstandar um namngjevne personar som ikkje fær høve til å forsvara seg. Det vert som regel aldri synt til kjelda for påstandane. Dette kann få konsekvensar både for arbeid og sosialt liv hjå dei som kjem under åtak og som fær dei usanne påstandane fram som toppuppslag ved google-søk på eige namn.

Researchkollektivet Info hev i dei snart tri åri dei hev eksistert ikkje greidd å “avsløra” nokon ting substansielt um meiningsmotstandarane sine. Personane som vert hengde ut er som regel personar som alt hev markert seg tydelegt i ålmenta. Researchkollektivet Info hev ingen annan agenda enn å freista øydeleggja desse personane sitt sosiale og profesjonelle umdøme med di dei spreider ymse slags konspirasjonsteoriar og udokumentert sladder um desse personane.

VALDELEG VINSTREEKSTREMISME: Anders Sebastian Leif Karlsson sympatiserar med Antifascistisk Aksjon, eit valdelegt ekstremistnettverk som hev gjort seg skuldige i grov vald og kriminalitet (Skjermdump frå Twitter-profilen Ingefærøl).

Målmannen hev fenge informasjon um at Karlsson hev upplivd ein del ting på det private umkvervet som gjer at han nett no søkjer etter eit litt meir tilbaketrekt liv. Samstundes vert den anonyme hetsen hans mot andre liggjande på nettet.

Målmannen meiner at folk som medvite hev spreidd ærekrenkjande og stigmatiserande påstandar um andre ikkje kann påropa seg nokon rett til anonymitet. Dei fær stå fram med namn og syna til dokumentasjon for påstandane som dei kjem med. Eller dei fær dementera og beda um orsaking for den pårøyningi som nettmobbingi deira hev vore for andre. Det hev bakmennene åt Researchkollektivet Info ikkje vilja gjera, og Målmannen hev teke konsekvensen og henta Anders Sebastian Leif Karlsson ut or anonymiteten.

Både Anders Sebastian Leif Karlsson og Jahn Magnus Eriksson la på telefonrøyret etter at me hadde ringt dei og bede um deira kommentar til saki.

Relatert:

Kommentarer

kommentarer

HJELP OSS Å VOKSE – STØTT FRIEORD